Følg Fagbokforlaget

Terrorisme i norsk strafferett

Pressemelding   •   okt 04, 2018 09:16 CEST

Foto: Grete Waltoft, Scanpix

I kampen mot terror er det sett inn ei rekkje tiltak, og også straffelova har eit eige kapittel om terrorisme. Men ein strafferett som først reagerer «etter at bomba har gått av», har relativt lite å tilby i kampen mot terrorismen. Korleis kan strafferetten likevel bidra til å førebyggja terrorisme? Og kan den gjere det utan å vere ein trussel mot den rettsstaten den skal verne? I den nye boka «Terrorisme i norsk strafferett» føretek Erling Johannes Husabø ein analyse av den eksisterande lovgivinga for å bidra med innspel som kan forbetra reglane.

Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrortruslar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar.

Den nye boka «Terrorisme i norsk strafferett» inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane.

Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel mot rettsstaten.

Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Bla i boka her
Les meir om boka her

Kontaktinformasjon forfattar og presseksemplar:
Erling Johannes Husabø, Husabo@uib.no, mobil 90789431

For presseeksemplar eller anna materiale, kontakt underteikna.

Fagbokforlaget er et av de største fagbok- og læremiddelforlagene i Norge med utgivelser for profesjonsmarkedet og hele utdanningsløpet fra barnehage til høyere utdanning, samt norsk for minoritetsspråklige. Fagbokforlaget er en del av Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS.

www.fagbokforlaget.no

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks <a href="http://media.fagbokforlaget.no/no/about/terms-and-conditions/privacy_policy">Personvernerklæring</a>.