Pressemelding -
Bør valdtektsstraffebodet reformerast?
Debatten om valdtekt og valdtektsstraffebodet er til tider prega av steile frontar, og er ikkje alltid godt informert. I ei ny bok drøfter jusprofessor Jørn Jacobsen den noverande reguleringa sitt innhald og spørsmålet om reform. Boka vil bidra til meir nyanse i debatten, og kjem òg med framlegg om korleis straffelova på dette punktet adekvat kan reformerast.
Boka Valdtektsstraffebodet - Gjeldande rett og spørsmålet om reform omhandlar den eksisterande strafferettslege reguleringa av valdtekt. Boka tek for seg rekkevidda av straffelova 2005 § 291 med tilhøyrande paragrafar, og drøftar med det som utgangspunkt om det er grunn til å reformere norsk strafferett på dette punktet. Boka vil vere av interesse for alle som arbeider med valdtektsproblemet eller er engasjert i den pågåande reformdebatten.
Jørn Jacobsen er professor ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen. Han har blant annet skrive bøkene Fragment til forståing av den rettsstatlege strafferetten og Hagerup og den strafferettslege ansvarslæra og vore medforfattar på boka Frihet, forbrytelse og straff – En systematisk fremstilling av norsk strafferett.
Kontaktinformasjon: E-post Jorn.Jacobsen@uib.no, telefon 55 58 96 42
Related links
Emner
Fagbokforlaget er et av de største fagbok- og læremiddelforlagene i Norge med utgivelser for profesjonsmarkedet og hele utdanningsløpet fra barnehage til høyere utdanning, samt norsk for minoritetsspråklige. Fagbokforlaget er en del av Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS.