Pressemelding -
Ny bok: Konstruktiv journalistikk
Den nye boka Konstruktiv journalistikk har som mål å retta opp eit skeivt nyheitsbilde og gi løysingar ein større plass, skriv forfattar Vigdis Holmaas.
Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest om det negative. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeiv utvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar.
Obs-varsel
Konstruktiv journalistikk kjem som ein reaksjon på det forfattar Vigdis Holmaas beskriv som ein journalistikk på veg mot krise. Teikna er til stades, meiner Holmaas, som listar opp tre obs-varsel:
- Nyheitene i dag viser ikkje heile bildet. Konflikt og drama blir overdekt, medan viktige saker om framgang ikkje når opp.
- Fenomenet nyheitsvegring og skjerming mot nyheiter ser ut til å auka i omfang, særleg blant unge.
- Folk får dårlegare tillit til nyheitsmedia. Dette er eit internasjonalt fenomen.
Konstruktiv journalistikk
Undersøkjande journalistikk er grunnleggjande viktig, men samfunnsdebatten kan ikkje berre handla om å grava opp kritikkverdige forhold, meiner Holmaas:
– Skal journalistikken framleis vera viktig for folk, og for demokratiet, må nyheitene gi eit meir balansert og truverdig bilde av verda, skriv ho. God journalistikk er både kritisk og konstruktiv.
– Samfunnsdebatten må handla meir om korleis kritikkverdige forhold kan endrast og betrast. Dette er kjernen i konstruktiv journalistikk – å retta opp det skeive nyheitsbildet og gi løysingar ein større plass.
Om boka Konstruktiv journalistikk
Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Mellom andre er redaktørar i Aftenposten, VG, Bergens Tidende, Adresseavisa, Dagens Næringsliv og Nationen intervjua. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tek til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken.
Ambisjonen er å fornya faget og medverka til at det får ei meir vital samfunnsrolle. Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i media, for politikarar og for alle samfunnsinteresserte.
Om forfattaren
Vigdis Holmaas er journalist og vaktsjef i NRK, der ho har jobba sidan 1988, mellom anna som nyheitssjef. Ho har utdanning i medievitskap frå Universitetet i Bergen og leiarutdanning frå NHH og Handelshøyskolen BI.
Kontaktinformasjon
Vigdis Holmaas, vigdis.holmaas@nrk.no / tlf 905 29 592.
Bokinformasjon
Konstruktiv journalistikk – kritisk og løysingsorientert
av Vigdis Holmaas
ISBN 9788245024043, kr 349,–, i salg
Emner
Fagbokforlaget er et av de største fagbok- og læremiddelforlagene i Norge med utgivelser for profesjonsmarkedet og hele utdanningsløpet fra barnehage til høyere utdanning, samt norsk for minoritetsspråklige. Fagbokforlaget er en del av Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS.